Øyvind Skålevik minner om at Fitjar Idrettslag arrangerer O-løp tysdag 28. april.

Fijtar Idrettslag arrangerer rankingløp 3 i Sunnhordlands.serien tysdag kveld. I tillegg er det eigen klasse for nybyrjarar. Start og mål ved Svartasmoget.

Frammøte kl. 17.30. Fellesstart i lang- og kortløypa kl. 18.00. C-løypa og nybyrjar: Start mellom kl. 17.30 og 18.30.


Gratis startkontingent for medlemmer i Fitjar Idrettslag. Fitjar Idrettslag ønskjer vel møtt til orienteringsløparar med ulike ambisjonar, og minner om heimesida si:

http://idrett.speaker.no/il/fitjar