Vel 30 deltakarar møtte opp til kveldens o-løp i Rossneset, og Kenneth Westerheim stakk av med sigeren blant seniorane i sprintløypa.
Sola skein om kapp med arrangørane under orienteringsløpet i Rossneset tysdag kveld. Sjølv om deltakinga kunne vore større. Men med vel 30 deltakarar gjennomførte Fitjar Idrettslag eit prikkfritt arrangement ved Fitjar Idrettspark denne vakre augustkvelden.
I nybyrjarklassen stilte 11 deltakarar i alderen 5-10 år. To av desse hadde komme heilt frå Askøy, mens dei andre kom frå Fitjar. Dei hadde foreldre med seg, og det kan sjå ut som rekrutteringa til o-sporten i Fitjar er på veg oppover.
I sprintløypa stilte 20 deltakarar, og Kenneth Westerheim vann relativt klart. Her er dei tre beste:
1. Kenneth Westerheim 17.48
2. Henrik Ottesen 18.50
3. Jarle Halland 20.19
Komplett resultat frå dagens o-løp ligg på Fitjar IL si heimeside:
http://idrett.speaker.no/organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=916794&CatId=590
Dei offisielle resultata kjem på Stord IL sine sider her:
http://ans.hsh.no/home/jh/ostoff/Sesong09/TerminlisteSunnhordland2009.htm