Over 60 deltakarar frå den lokale o-eliten stilte til start i det 3. rankingløpet, som gjekk av stabelen i Midtfjedlet tysdag kveld.

Fire havørnar glidande over Midtvatnet kunne gle seg over eit flott syn då den lokale o-eliten sette kvarandre stemne i Midtfjellet den fine vårkvelden. Bommen ved vassverket var open for høvet, og rundt 25 bilar fann vegen til Olstjødno. Nesten like mange stod parkerte nede ved vassverket, så o-løparar er nok eit miljøvennleg folkeferd.

I alle høve mangla det ikkje på oppvarming før dei kom fram til startstreken. Den låg nemleg heilt oppe ved Midtvatnet, over eit kvarter å gå frå Olstjødno. Der stod Øyvind Skålevik og tok imot og fekk registrert løparane, før dei jogga vidare oppover mot startstreken.

Løypene var teikna inn på det nye o-kartet over Midtfjedlet, bortover mot Beinatjønnsvarden, og vindmålingsmasta som ligg litt lenger nede.

Resultatlista frå dagens O-løp – usortert – ligg på heimesida til Fitjar Idrettslag:

Etter kvart vil dei offisielle resultata bli lagt ut her: