Kva er meir naturleg enn at Osternes grendalag skipar til Osternes-Leikane?
O.L. i Osternes !
Då me køyrde forbi Gloppevatnet og såg aktiviteten ute på isen, skjøna me at det var store ting på gang. Ganske riktig ! Det var O.L. !
Kva er meir naturleg enn at Osternes grendalag skipar til Osternes-Leikane ?
Sist helg var det ski-aktivitetar, og denne helga var det skeiserenn og kørling, med k og ø, vel og merke ! Kampen stod mellom Stokken og Skumsnes, og det var ikkje noko å seia på innsats og stil. På ein flott grill kunne du grilla pølser. Ein mann streva med å få på seg langrenn-skeisene, dei hadde visst ikkje vore brukte på nokre tiår. Då me såg han i farten litt etterpå, hadde han ikkje heilt gløymt skeisekunsten, viste det seg.
Me fekk ikkje med oss dei endelege resultata av kørling-konkurransen, men me reknar med at beste laget går direkte til eit anna O.L.
Flott, Osternes !