Trass i kulden var oppslutnaden god i rekruttløpet som o-gruppa skipa til ved Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag ettermiddag.

Rolf-Atle Rolfsnes i Fitjar Idrettslag legg ikkje skjul på at dei gjerne skulle hatt hatt litt meir vår i lufta når dei skal driva utandørsaktivitet. Men over 30 ungar stilte likevel opp til rekruttløp ved kultur- og idrettsbygget i ettermiddag – og kulden var nok berre eit problem for dei som stod i ro og venta på alle som var ute på postjakt, seier han.

Første pulje møtte kl. 17, og starta med oppvarming rundt kulturhuset. Deretter var det ut på ei nybyrjarløype på ca 1,3 km og med 9 postar. Med litt instruksjon på førhand og støttande foreldre gjekk det veldig bra for alle. Marius Torbjørnsen var dagens raskaste, og brukte berre 8.36 på løypa.

Idrettsskulen (3. klasse) møtte kl. 18, og måtte to rundar på dei to postane bak kulturhuset som oppvarming. Deretter var det ut i den same løypa som dei andre. Dei fleste var ivrige etter å komme i gang, og starta ut med god sjølvtillit – to, tre eller fire i lag.

For å finna fram er det viktig å ha fokus på det ein skal gjera og halde kartet rett veg, slik at ein har klart for seg kva retning ein skal etter å ha stempla på ein post. Det er jo ikkje sikkert ein ser nokon framfor som ein kan hengja på. Dette blir sjølvsagt ekstra viktig i ukjent terreng, og er noko som nybyrjarar må øva ein god del på for å meistra. Å forstå kartet med dei ulike kartteikna er òg vanskeleg i starten, og det kan vera lurt å ta det litt roleg i starten.

Rolf-Atle Rolfsnes minner om at turorienteringa blir lagt ut for sal førstkomande på laurdag. Så då er det berre å kjøpa posen med kart og informasjon, og så kan heile familien gå ut og øva seg på å finna fram til dei 50 postane som er lagt ut. Etter påske er sesongen i gang for fullt, og det blir løp frå stadion tysdag 2. april. Dette er 1. løp i Fitjarkarusellen, men òg 1. løp i ein sprint- og nybyrjarkarusell for heile Sunnhordland.

Leiinga i o-gruppa håpar òg på god oppslutnad når Stord arrangerer Kristtornspretten og Kristtornløpet 6.-7. april, og etter løpet på søndagen inviterer dei tre Stord-klubbane alle nybyrjarar med foreldre til pizza-samling på Leirvik skule.