Håkon Øien Kloster gjer seg klar til å dra ut og samla postar. Foto: Kjetil Rydland.

Rundt 30 eldsjeler i o-gruppa kveikte opp eld i bålpanna ved gapahuken og åt middag før dei spreidde seg rundt i terrenget på jakt etter turo-postar og stolpar.

Initiativtakar Rolf-Atle Rolfsnes i o-gruppa i Fitjar Idrettslag fortel at dei vil ta inn turo-postar før haustjakta set inn for alvor. Som kjent opna jakta 1. september.

Derfor inviterte han o-folk og andre friluftsfolk til ein liten dugnad i fjellet i dag. Utgangspunktet var naturleg nok den nye gapahuken ved Kidnavatnet, som har blitt ein svært populær samlingsplass.

Her blei pølser og andre kjøtprodukt grilla på bålpanna før arbeidet blei fordelt på unge og gamle, den eine lettare på foten enn den andre. Etter kvart drog dei ut i terrenget for å løysa dagens oppdrag.

Enkelte kombinerte turen med stolpejakt – Rolf-Atle Rolfsnes fortel at dei vil la stolpane stå ute i ein månad til. Som kjent har stolpejakta blitt ein stor suksess i Fitjar, og nærmare 600 namn er på stolpejegerlista.

Rolfsnes legg til at det blir premiering for stolpejakta på ein klubbkveld med o-gruppa i byrjinga av oktober. Meir om stolpejakta i Fitjar kan du lesa på www.sunnhordland.no.