Emilie Haukeland og June Rimmereid øver på supersetningen saman med agentklubben.

16 sprell levande, unge hjelpeleiarar mottok i dag kursbeviset sitt for gjennomførd Slush-kurs på Fitjar bedehus.

Søndagsskulen er i stadig utvikling, og har dei siste åra teke til med eit nytt undervisingsopplegg som heiter Sprell levande. Hjelpeleiarkurset til søndagsskulen,som rettar seg mot dei som er mellom 10 og 14 år, heiter SLUSH og står for Sprell Levande Unge Søndagsskule-Hjelparar.

Då Fitjar søndagsskule inviterte til Slush-kurs saman med søndagsskulekonsulent Elisabeth Fauskanger var det ikkje mindre enn 16 ungar og ungdomar frå sentrum søndagsskule og tysdagsklubben i Øvrebygda som melde seg på. Ein del av Tysdagklubben er søndagsskule, sjølv om dei brukar ein annan dag i veka. Fordelinga mellom kjønna var heilt jamn, med 8 gutar og 8  jenter.

Laurdag føremiddag var det registrering allereie klokka kvart på elleve, og så haldt dei det gåande på bedehuset heilt fram til klokka åtte om kvelden. Denne dagen vart bolk 1 og 2 av kurset gjennomførd, og dagen bestod av mange ulike aktivitetar. Det var ca 6 timar med teoretisk undervising/arbeid. Her fekk dei grunnleggjande Bibelkunnskap, kunnskap om menneska sine ulike intelligensar, lært om Sprell levande, gjort samarbeidsøvingar og gjennomført eit valfritt fordjupingsemne. Alt var ispedd kjekke leikar, konkurransar, aktivietar og oppgåver. Litt uteaktivitet var det og satt av tid til. Sjølv om dagen var lang og det var mykje nytt å lærar såg ungane ut til å storkosa seg, og tok villig til seg lærdomen.

På slush kurs må ein sjølvsagt drikka deileg, kald, søt slush i tilleg til andre forfriskingar i pausane. Det skal mykje mat og drikka til  å metta ungar i vekst, og ungane sjølv syntes helst det vart i minste laget med slush. Dagen vart avlsutta med eit herleg taco-måltid som ungdomane sjølv tilberedde.

Søndag var dei på plass igjen allereie klokka halv ti, i allefall dei som klarde å koma seg opp såpass tidleg på ein søndag, for å førebu den praktiske delen av kurset. I del 3 skulle dei mellom anna vera hjelpeleiarar på dagens søndagsskule på Fitjar bedehus. Nokre skulle ta imot ungane, andre dela ut klistremerker, nokre ha dokketeater eller leia songen, visa fortellingen på flanellograf eller ha ein aktivitet eller eit sprell med ungane.

Absolutt alle hadde ei oppgåve, som dei takla svært, svært bra. Det virka som ungane på søndagsskulen likte dei nye leiararane, og  leiarane virka trygge og godt førebudde. Ingen virka nervøse, slik me vaksne ofte vert, dei visste kva dei skulle gjera og gjorde det med stor iver.

Er det nokon som lurer på om dei syntes det var kjekt? Dei syns det var kjempegøy! På veg heim for å eta middag er det berre lovord å høyra. Det var kjekt å gå på kurs, og det var kjekt å vera leiar. Alle har noko dei har lyst å gjera, og dei vil gjerne ta til med det same. Men no går det mot påskeferie, og neste søndagsskule på Fitjar bedehus er først 11. april.

Emilie Haukeland og June Rimmereid øver på supersetningen saman med agentklubben.
Marte Rimmereid og Kristian Prestbø har valgt ut songar og leiar songen på søndagsskulen.
Marte Rimmereid og Kristian Prestbø har valgt ut songar og leiar songen på søndagsskulen.
Vegard og Sindre Aarbø syner dokketeater.
Vegard og Sindre Aarbø syner dokketeater.