Nyttig og viktig. Det er stikkorda frå Fitjar sine deltakarar på reiselivsseminaret i Skånevik sist onsdag og torsdag. Seminaret var i regi av Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Teambuilding, gode foredrag, viktig informasjon – og ikkje minst gode samtalar om korleis ein skal fremja turismen i Sunnhordland på best måte, stod på programmet.

I tillegg til Fitjarposten, som var til stades denne gongen, var ordførar, kultursjef og representantar frå næringslivet i Fitjar òg på plass i Skånevik.