Ordførar Harald Rydland har sendt oss eit lesarbrev der han tek opp eigedomsskatt, budsjettet og den økonomiske situasjonen i kommunen. Samstundes ønskjer han alle fitjarbuar Godt Nyttår.

Her er brevet:

Fitjar kommune sitt budsjett for 2009

Å vera kommunepolitikar når det skal lagast budsjett for neste år er som regel ikkje noko lystig jobb.  Etter at kommuneøkonomien var god, med store overskot både i 2006 og 2007, samt lovnader frå regjeringa om framleis vekst, såg me lyst på framtida for kommuneøkonomien.  No fekk dette ein bråstopp i 2008, og det vart tidleg gjort kjent at for 2009 kom  det til å verta svært krevjande å få i hop eit forsvarleg budsjett.

Utover hausten har politikarane i Fitjar lagt ned mykje arbeid for å laga eit godt kommunebudsjett for 2009,  sjølv om det tidleg kom fram at ein her ikkje kunne finna nokon lett utveg.  Det er svært enkelt å få eit budsjett i balanse på papiret, men ein må gå bak tala både på innteks- og kostnadssida for å sjå om det er realstisk.  Bak tala ligg nemleg fakta om korleis tilbodet til m.a.  skuleborn, sjuke og eldre skal vera.  Fitjar kommune heng etter m.a. når det gjeld sjukeheimsplassar, og her måtte me setja inn meir ressursar.   

Kommunestyret  skal syta for at folket i Fitjar har like gode kommunale tenester som folk i andre kommunar.  Difor må kommunen og framstå som ein god arbeidsgjevar, slik at me får tak i dugande medarbeidarar som skal hjelpa oss med denne tenesteproduksjonen. På bakgrunn  av desse forholda såg ikkje fleirtalet i kommunestyret nokon annan utveg enn å innføra eigedomsskatt på alle eigedomar i kommunen.  Det var ikkje med lett hjarte dette vart gjort, og fleire måtte bryta tidlegare lovnader.  Til slutt var det overtydinga om at dette måtte til for å sikra innbyggjarane gode nok tenester, som avgjorde valet.

Eigedomsskatten er på mange måtar ein usosial skatt som råkar tilfeldig.  Når svært mange kommunar likevel tek denne skatten i bruk, er det fordi staten har lagt opp til at kommunane skal bruka den for å finansiera drifta si.  Dersom ein er i mot eigedomsskatt, kan ein ikkje  lenger føra kampen mot den i kvar einskilt kommune, men inn mot Regjeringa og Stortinget.  Dei kan avvikla eigedomsskatten om dei vil, og heller leggja skatten på inntekt eller forbruk.

På grunn av den krevjande prosessen i haust, ser eg at det har vorte vel mykje negativt fokus på Fitjarbygda  ein periode.  Det er mykje positivt som skjer i Fitjar for tida.  Det vert investert i bustadfelt, næringsutvikling og i det heile er det optimismen som rår.  Som ordførar vil eg framover vera med på å arbeida for at Fitjarbygda framleis skal utvikla seg i positiv lei.  Dersom alle gode krefter står i lag om det, skulle alt liggja til rette for at me lukkast.  Sjølv om 2009 ser ut til å verta eit spennande år på mange vis, må me ha tru på framtida.

Til slutt vil eg takka for året som no er i ferd med å gå over i historia, og ynskja alle eit godt nytt år. 

Harald Rydland
ordførar