Fjord1 har ein periode tilbode sms-varsling når ferjene ikkje går. Me har nytta ho ei tid, og synest at det fungerer bra.

For å bestille slik varsling for sambandet Halhjem-Sandvikvåg sender du følgjande melding til 26112:

Fjord1 varsle 1131.

For Arsvågen-Mortavika gjeld følgjande kode: 1130.

Du betaler vanleg sms-takst for å senda denne meldinga, men det er gratis å motta meldingane frå Fjord1.

Samstundes kan me opplysa om at tysdag 19. januar vil avgangane merkte med «C» vera kansellert frå kl. 08:30 og fram til ca. kl. 16:00. Årsak er årleg sertifisering av «Fanafjord».