Mariann Vestbøstad Marthinsen gjekk inn til ein ny sølvmedalje under VM for funksjonshemma i Sollefteå i Sverige i dag.

– Sist veke tok ho uventa sølv på 12 km. I dag vart det nytt sølv på 5 km, 16 sekundar bak Andrea Eskau fra Tyskland og 0,4 sekundar føre Liudmila Vauchok fra Kviterussland, melder Skiforbundet FH.