På måndag opnar eit nytt treningsrom i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. – Det blir kick off heile veka, fortel leiar i Fitjar Idrettslag og dagleg leiar i Fitjar Treningssenter til fitjarposten.no.

Rommet ligg på grunnplanet med inngang på søre veggen av Idrettsbygget. Her har ein laga til eit treningsrom med topp moderne utstyr i vekter og manualar.

Alle medlemer i Fitjar Treningssenter kan nytte rommet når dei vil. Ein kjem inn med same kodebrikke som ein nyttar til romma i 2. høgda. 

-Treningssenteret ønskjer seg fleire medlemer, og alle  som gjer avtale om det i komande veke vil i tillegg få ei gratis adidas t-skjorte. Senteret har då ope kvar dag, og heile dagen, til langt på kveld. 

I treningsrommet finn du mange ulike apparat. Nokre er det greitt å få litt instruksjon på før ein tar fatt. Det er det òg høve til å få denne veka.

Sjå òg annonsa nede til høgre på denne sida.