Fitjar Næringsråd tek opp att suksessen frå i fjor og inviterer foreldre og elevar frå 9. og 10. klassane til treff om utdanningsval i Kultursalen, tysdag 16. februar kl 19.00.

-Føremålet med treffet er å synleggjera lokale og regionale bedrifter, og kobla desse opp mot  utdanningsval.  På denne måten får ein vist kva for  jobbmulegheiter som finst her lokalt, og gjeve inspirasjon til å etablera seg i kommunen der ein har vakse opp, opplyser leiar i Fitjar Næringsråd, Odd Sverre Larsen, til fitjarposten.no 

Programmet vert om lag slik:

1.
Innleiing 
Nokre ungdomar presenterer sitt utdanningsval og kva jobbmuligheiter dette gjer.

2. 
Nina Hagerup, YSO, orienterer om lærlingeordninger.

3. 
Rådgjevar Frøydis Almås ved Rimbareid skule rundar av.

4. Messedel 
Det vert høve til å møta lærlingar og tilsette frå store og små bedrifter, og lærarar og elevar frå dei vidaregåande skulane.

Det vert servert spennande fingermat.