Ikkje noko dritt, med ny dritar. Foto: Ingrid Hovstad

Breiavikjo har fått heilt nytt sanitæranlegg i sommar.

Friluftsrådet Vest har etter ønskje frå Fitjar kommune gått til innkjøp og bygging av nytt toalett i Breiavikjo, det populære og mykje nytta friluftsområde med badestrand på vestsida av Storavatnet.

– Friluftsrådet har tilrettelagt området med p-plass, brygge og volleyballbane tidlegare, skriv Oddvin Øvernes, dagleg leiar i Friluftsrådet Vest.

Øvernes fortel at Friluftsrådet allereie har søkt og fått 200.000 kroner frå Miljødirektoratet til prosjektet. No søkjer dei tilskot til det nye miljøtoalettet frå Fitjar kommune.

– Det er naturleg at Fitjar kommune som grunneigar av Breiavikjo er med på finansieringssida ogso, og me søkjer med dette om eit tilskot på kr 100.000 kroner til finansiering av toalettanlegget.

Søknaden til kommunen vert truleg godkjent raskt sidan kommunestyret sette av 155.000 kroner til sanitæranlegget i Breiavikjo i økonomiplanen for 2020-2023.

Dei av oss som hugsar det gamle toalettet, veit at dette er ei stor oppgradering. Foto: Ingrid Hovstad

Universell utforming

Det nye anlegget har ein miljøtoalett-type som vert levert av Danfo. Friluftsrådet har nytta leverandøren før og har god røynsle med å ha denne typen toalett i drift ved andre badeplassar.

– Det har universell standard slik at ogso rullestolbrukarar kan nytta det. Anlegget er utstyrt med solcellepanel på taket og gode tekniske løysingar, fortel Øvernes.

Øvernes kan fortelja at totalprisen på nytt anlegg, med tank for vatn og septik, samt riving av det gamle kjem på 375.000 kroner.

– Arbeid og utgifter med drift, vedlikehald og vask tek me i Friluftsrådet Vest ansvar for, avsluttar Øvernes.