A-laget til Fitjar gjekk på ein ny smell då dei møtte Orion til seriekamp i 4. divisjon laurdag ettermiddag. Gjestene vann til slutt 4-1 etter at det hadde stått 1-1 ved pause. Etter ein god kamp mot Bremnes måndag, var mykje tilbake ved det gamle i dagens 4. divisjonsoppgjer mot Orion. Fitjar scora først, og såg lenge ut til å gå til pause med leiing 1-0. Scoringa kom, som vanleg, ved Ronald Skår. Ei knallhard og velplassert heading etter corner. Faktisk kunne det ha stått 2-0 ved pause. Fitjar hadde nemleg ein svært stor sjanse nokre minutt før scoringa. Ronald Skår smelte ballen i tverrliggjaren og rett ned på streken før han for ut i feltet. Dessverre blei returen lagt høgt over mål frå kort hald mot nesten ope mål. I staden for 2-0 blei det 1-1 etter scoring for Orion i aller siste minutt. Dårleg klarering i Fitjar-forsvaret gav eit heilt unødvendig mål.

Andre omgang starta med gode sjansar for Orion. Fitjar-forsvaret sleit med klareringane, sjølv om sidebackane kompenserte noko med god fart. Etter 12 minutt merka me oss ei svært dårleg klarering i Fitjar-forsvaret. Og minuttet etter fekk ein Fitjar-forsvarar ein hard ball i handa. Straffesparket som følgte, virka svært strengt. Einkvan stad måtte no Fitjar-forsvararen få lov ha handa si… Men Orion gjekk opp til 2-1, og no var kampen deira. Etter 27 minutt klarte Ronald Skår å snakka på seg to gonger gult kort, og måtte gå av banen. Då blei det tungt for Fitjar, men endå tyngre blei det 10 minutt seinare. Då fekk Øyvind Solli Koløen direkte raudt kort etter ei stygg takling. Kanskje i strengaste laget.

Med berre 9 mann på banen gjekk det berre eit par minutt før ballen igjen låg i Fitjar-målet. Forsvaret blei heilt utspelt, og Orion kunne leggja ballen i det tomme buret. I sluttminuttane hadde Orion store sjansar, og Fitjar må vera fornøgd med at det stoppa på 1-4. Det siste målet kom i sluttminuttet ved Erlend Haugland.

Keeper Oddgeir Træet blei utropt til dagens spelar på eit Fitjar-lag som i dag dessverre fokuserte for mykje på dommaren.