A-laget til Fitjar måtte tola eit nytt nederlag i prestisjeoppgjeret mot Solid fredag kveld.

Eit talrikt publikum både frå Fitjar og Sagvåg fekk sjå ein relativt svak første omgang, der serleg Fitjar hadde mange feilpasningar å varta opp med. Ingen av laga greidde å spela seg til særleg mange og store målsjansar, men alt i alt var nok Solid det beste laget.

I andre omgang fekk me sjå eit mykje friskare Fitjar-lag, og etter 10 minutt eit flott skot av Kjell André Thorland. Her måtte Solid-keeperen strekkja seg ut i si fulle lengd for å få tak i ballen. Og me såg fleire brukbare tilbod for Fitjar. Men etter eit kvarter blei kampen avgjort av ei scoring ved Bård Aksnes. Med ryggen mot mål på om lag 10 meters hald heada han ballen i ein fin boge bak seg, langt utanfor rekkevidda til dagens Fitjar-keeper, Trond Henriksen. 

Resten av kampen blei relativt hektisk, med fleire sjansar for begge lag, men fleire mål blei det ikkje. Dermed kunne Solid ta med seg tre poeng heim til Sagvåg, i trygg visse om at dei framleis har taket på den viktige 2.-plassen i 5. divisjon.

ciclo steroidi sicuro