Fitjar fekk nok ein nedtur mot Bremnes på laurdag, og tapte 2-0. Etter spel og sjansar var kampen mykje jamnare enn resultatet skulle tilsei.
Bremnes tok leiinga alt etter 3 minutt gjennom eit lurt frisparktrekk. Første halvdel av første omgang var jamn, men etter kvart festa Fitjar grepet og produserte sjansar på sjansar. I dei siste 20 minutta av første omgang kjørte Fitjar over eit svakt Bremnes lag. Like før pause hadde Fitjar eit skot i tverrliggjaren. Etter mange spolerte sjansar gjekk laga til pause med 1 – 0 til Bremnes, som var noko ufortent.
Andre omgang begynte som den første, Bremnes scora alt etter 4 minuttar. Andre omgang var jamnare, og Bremnes kontrollerte kampen inn til seier utan å imponera. Fitjar var som i dei to siste kampane dårlegare i andre omang enn i første. Etter dette tapet ligg Fitjar framleis sist, men det er kort veg opp til dei andre i botnstriden.
Her må ein bretta opp ermane og gjera jobben til helga mot Austevoll, siger her vil gje god kontakt med laga ovanfor.