A-laget til Fitjar gjekk på eit nytt tap då dei møtte Lysekloster 2 søndag ettermiddag.

Etter seks strake sigrar i 5. divisjon, ser det ut til at ballen ikkje vil rulla Fitjar sin veg lenger. Sist laurdag kom sesongens første tap, heime mot Løvstakken, og i dag blei det eit nytt tap, då Kjell Træet sine utvalde møtte toarlaget til Lysekloster borte.

Det er likevel ikkje ein direkte misfornøgd Fitjar-trenar me snakkar med etter kampen. – Det var ikkje så gale, me spelte ein svært god første omgang, seier Kjell Træet til Fitjarposten. Fitjar hadde dei største sjansane, og heimelaget kom ikkje til store sjansar, så det var fortent at Fitjar kunne gå til pause med leiing 1-0. Scoringa kom ved toppscorar Jan Åge Tislevoll, som utnytta dårleg samarbeid bak i Lysekloster-forsvaret.

I andre omgang gjekk Fitjar hardt ut for å sikra seg 2-0, fortel Kjell Træet. Og dei kom til fleire store sjansar, ved Øyvind Fykse Lie, Geir Steffen Tranøy, Helge Træet og Jan Åge Tislevoll, utan å lykkast. Og då Lysekloster utlikna til 1-1 etter 66 minutt, fall Fitjar saman, fortel Kjell. Heimelaget var eit svært godt lag med fleire innbytarar frå A-laget. – Dei verka godt trente, sprang mykje, og tok kontroll på slutten av kampen, fortel Fitjar-trenaren, som ikkje er misnøgd med laget sitt i dag. – Me gjorde eit ærleg forsøk, men det blei litt for tungt på slutten.

Framleis ligg Fitjar på topp i 5. divisjon avd. 01 med sine 18 poeng etter seks strake sigrar i byrjinga av sesongen. Men no nærmar dei andre laga seg stygt, og Vestsiden-Askøy kan komma a poeng, om dei slår tabbeljumbo Rosendal førstkommande tysdag.