A-laget tapte bortekampen mot Sandviken i Bergen fredag kveld.

Fitjar gjekk på eit nytt 1-3-tap i ein relativt jamn kamp på Stemmemyren i går kveld.

Trenar Kjell Træet fortel om spelemessig framgang, og i førsteomgangen varta spelarane opp med det beste spelet han har sett i haust. Men diverre kom dei under allereie etter tre minutts spel. Målet kom på ein elementær feil i Fitjar-forsvaret. Etter eit innkast frå Sandviken, miste Fitjar-forsvaret fokus på spelaren som kasta inn. Han fekk ballen tilbake, og kunne uhindra slå eit fint, målgivande innlegg inn framfor Fitjar-målet.

Trass i den uheldige starten greidde Fitjar å skapa trykk på Sandviken. Laget låg kompakt, fortel Kjell, og hadde god kontroll på motstandarane sine. Dei kom til fleire fine sjansar, men blei altfor upresise inne i feltet til Sandviken. Med ein goalgetter på plass kunne dei lett ha scora fleire mål, og det hadde ikkje vore noko å seia på det om dei hadde gått til pause med eit par måls leiing, meiner Fitjar-trenaren.

Andre omgang begynte også uheldig frå Fitjar, då Sandviken gjekk opp til 2-0 etter ei misforståing i Fitjar-forsvaret. – Etter denne scoringa knebla Sandviken oss, fortel Kjell. Spelarane hans fekk ikkje så mykje til mot aggressive heimelagsspelarar. Rundt fem minutt før slutt blei kampen definitivt avgjort, då Sandviken gjekk opp til 3-0, på ein personleg feil i Fitjar-forsvaret.

Dermed hadde Fitjar tapt kampen, på tre mål som dei burde og kunne ha unngått. Fitjar fekk rett nok eit trøystemål rett etter 3-0. Ein retur på skot frå Kjell André Thorland enda hos Øyvind Fykse Lie, som fekk sklidd ballen i mål.

Etter kampen vel Fitjar-trenaren å fokusera på den spelemessige framgangen i første omgang. Den sterke midtbanen til Fitjar fungerte endeleg slik han skal, og dagens beste Fitjar-spelar var Øyvind Fykse Lie. Men det bygynner å bli jamt på tabellen i 4. divisjon, og det er ikkje så langt ned til botnstriden.

– Me får ein tøff haust, og me må ha fokus på å berga plassen! seier Kjell til slutt.

Ingressbilete: Øyvind Fykse Lie spelte ein god kamp for Fitjar mot Sandviken, og scora mål. Arkivfoto Fitjarposten/KR.