Det er kome opp nytt tak i speilsalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Sidan nyttår har det vore jobba med taket i «speilsalen» i andre etasje i Fitjar kultur- og idrettsbygg, og salen har då vore stengd. Dette arbeidet vart ferdig til jubileumsfeiringa 21. januar, og dagen etter fekk skulekorpset testa ut både den nye akustikken og luftkvaliteten.

Det er no om lag eit år sidan den såkalla «speilsalen» var ferdig innreidd, og den har vore mykje nytta til ulike aktivitetar i året som har gått. I taket har det vore ope opp mot ventilasjonsrøyr og anna utan at det har vore noko ventilering i rommet, og med tanke på lyden har det ikkje vore så gode forhold for dei som har halde på med musikk der. No har alt dette betra seg. Taket er plata og har fått passe god lyddemping, og det er lagt inn ventilasjon til rommet. Desse forbetringane kjem mange ulike grupper til gode, og både musikantar og dansarar kunne gle seg over å ta rommet i bruk att denne veka.

Det er stor aktivitet i speilsalen så godt som kvar dag. Om måndagane har skulekorpset øving her, og om torsdagane er det musikklaget sin tur. Treningssenteret har både bosu her om tysdagane, og zumba både tysdag, onsdag og søndag, og dei nye dansegruppene til kulturskulen inntek speilsalen heile tysdag ettermiddag.

Dei som var på jubileumsmiddagen her sist laurdag, fekk sjå at dette rommet og eignar seg svært godt som festlokale. Det vart riktig så elegant med festpynta bord og ein heil vegg med spegel. For dei som ikkje trivst med dei store speglane, er det store svarte gardiner som ein kan trekkja føre.

Det er dagleg leiar i Fitjar kultur- og idrettsbygg Ole Bergesen som administrerer aktivitetane i speilsalen.