A-laget gjekk på ein stygg smell mot Nordre Fjell onsdag kveld, og måtte reisa heim frå Sotra med 2-9 i bagasjen.

Det nyopprykte 5.-divisjonslaget frå Ågotnes viste seg snart å vera mykje sterkare enn det urutinerte Fitjar-laget. Før det var gått 2 minutt leia dei 1-0, og ved pause stod det 4-0 til vertane.

Andre omgang fortsette der 1. omgang slapp, og vertane hadde gått opp til 6-0 før Fitjar kom på scoringslista. Reduseringane kom ved Arve Levåg og Thomas Vestøstad Waage, før vertane fekk tre straffespark i rask rekkefølgje. Dei scora på alle tre, slik at sluttresultatet blei 9-2.

På eit svakt Fitjar-lag er det vel berre Øyvind Fykse Lie, yngstemann på banen, som kan få godkjent karakter. Han gjorde ein solid kamp mot eit relativt godt lag. Nordre Fjell kan visa seg å vera eit av dei beste laga i årets 5. divisjon. Dei virka godt trente utmerkte seg med god innsats og god organisering. Ikkje minst storscorar Tony A. Rong, som i fjor scora heile 28 mål. Men alt i alt burde nok Fitjar hatt meir å stilla med mot eit lag som kom frå 6. divisjon i fjor.