Fitjar gjekk på eit nytt stortap laurdag ettermiddag då Nordhordland var på besøk og vann 4-0.

Dermed ser det ut til at vårløysinga lèt venta på seg for det hardt prøvde A-laget til Fitjar. Med to mål i kvar omgang viste nordhordlendingane seg som klart sterkare enn Fitjar, sjølv om heller ikkje gjestene var noko storlag.

Fitjar begynte brukbart, og var bra med i banespelet, men sjansane var det Nordhordland som stod for. Etter eit kvarters spel kunne det lett ha stått 0-1, men venstreback André «Mini» Helland fekk på mirakuløst vis blokkert skotet frå kort hald. Dagens klart beste prestasjon av Fitjar.

Elles var det langt mellom dei gode prestasjonane frå heimelaget si side. Me noterte knapt ein einaste målsjanse for heimelaget i løpet av heile kampen. Det einaste skotet på mål kom rett før slutt ved innbytar Mats Westvik, då han møtte eit fint raid frå Leif André Tangen, som kom i kjent stil oppover på høgresida.

Dagens bestemannspremie gjekk til Kjell André Thorland, som heldt eit heilt anna nivå enn lagkameratane sine. Dermed blir det middag på Fitjar Fjordhotell for «Kjella», eit måltid berre ein god Roger Almås kunne ha lurt han på.

Elles var det ikkje mykje å gle seg over på Fitjar i dag. Trenar Kjell Træet etterlyser vinnarvilje hos spelarane sine. – Det såg ikkje ut som om dei hadde trua på det, seier han.

Litt meir «trøkk» i duellane kunne me nok ha venta, men dei tapte for eit lag som var betre i det meste.


Guten i offside, ein aktiv Jonas Tislevoll blei gong etter gong vinka av for offside. Foto: Kjetil Rydland.

 


Innbytar Mats Westvik var einaste Fitjar-spelar som klarte å treffa mellom stengene i andre omgang. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar – Nordhordland 0-4 (0-2)
Seriekamp 4. divisjon menn
Fitjar Idrettspark
Laurdag 30. mai kl. 15.00

Mål: 0-1 Kristian Andås (32), 0-2 Jørgen Mangor-Jensen (40), 0-3 Andreas Bøe Snekkevik (67), 0-4 Jørgen Mangor-Jensen (81).

Gult kort for Fitjar: Jonas Tislevoll.

Dommar: Jan Petter Verlo Fedje, Minde IL.

Fitjar sitt lag:
Aleksander Henriksen, Sander Tverborgvik (Johannes Myhre 74), Roger Almås, Torbjørn Korsvik, André «Mini» Helland (Mats Westvik 76), Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thotland, Badi Hurasi (Leif André Tangen 66), Frode Malkenes (Adrian Mehammer 52), Jonas Tislevoll (Trond Henriksen 86) og Thomas V. Waage (Sebastian T. Thomassen 67.).