Her kunne Øyvind Fykse Lie har lagt på til 2-0 rett etter den første Fitjar-scoringa. Foto: Kjetil Rydland.

Eit Fitjar-lag i poengnaud måtte på nytt gå slukøyra av banen i dag, etter at Vadmyra frå Bergen vest hadde snudd 0-1 til 5-1 i andre omgang.

Med tre poeng mot godt plasserte Vadmyra kunne faktisk Fitjar ha klatra over nedrykksstreken, etter at Bønes tapte grundig for Gneist 2 i går. Og lenge såg det lovande ut for Fitjar i dag. Takka vere fleire flotte redningar av keeper Jacob Mehammer i byrjinga av kampen heldt Fitjar nullen i første omgang.

Fitjar kunne ha scora både eitt og to og tre mål i motsett ende, der Øyvind Fykse Lie spela spiss. Og Marius Helland Storebø kom rundt på høgresida gong etter gong. Men det blei med den eine scoringa av Øyvind Fykse Lie. Han var fint framme på ein retur på skot frå Helge M. Træet, og runda keeper lett før han sette ballen i det tomme buret.

Diverre blei det ikkje fleire scoringar, og det skulle snart visa seg at det var altfor lite. Andre omgang byrja «mot normalt» relativt bra for Fitjar. Og etter knapt ti minutt burde kaptein Helge M. Træet ha lagt på til 2-0. Han fekk ei fin pasning inn framfor mål, og hadde berre å setja foten på ballen. Utruleg nok gjekk ballen utanfor; det var faktisk ein større prestasjon enn å treffa mål!

Med 2-0 kunne me fått ei heilt anna utvikling. Men no overtok gjestene initiativet. Etter 13 minutt fekk Vadmyra eit feilaktig idømt frispark på 25 meters hald. Vadmyra takka for tilbodet og knuste ballen midt i mål. Denne scoringa må nok keeper Jacob Mehammer ta på si kappe.

Herfrå og inn såg me ikkje mykje som er verdt å skriva heim om. Vadmyra overtok fullstendig, og gav seg ikkje før dei hadde scora fire mål til. Fitjarspelarane verka heilt motlause etter utlikninga, og burde fått hjelp frå sidelinja på eit tidlegare tidspunkt. Fitjar hadde denne gongen ein solid reservebenk, men dei spelesugne innbytarane slapp ikkje til før kampen for lengst var avgjort.

I år har det ikkje vore særleg gøy å minna om tabellen i 5. divisjon, men me gjer det likevel. Fitjar kan framleis berga plassen, men då bør Bønes tapa dei to siste kampane sine, og Fitjar bør ha poeng mot Stord 2 komande fredag. Siste kampen er heime mot Halsnøy / Trio 2 laurdag 20. september. Me vågar ikkje satsa alle pengane på det, men tradisjonell griseflaks mot halsnøybuane kan kanskje berga plassen i år og?

Marius Helland Storebø hadde mange tøffe dueller med midtstoppar JarL Henning Engedal Nilsen. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar – Vadmyra 1-5 (1-0)
seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Fitjar Idrettspark
Laurdag 6. oktober kl. 15.00
Publikum: 45
Dommar: Ingve Lunde Hesjedal, Rosendal TL

- Annonse -

Mål: 1-0 Øyvind Fykse Lie (32.), 1-1 Magnus Nyhammer (58.), 1-2 Michael William Hestholm Larsen, 1-3 Michael William Hestholm Larsen (71.) 1-4 Mats Aga (82.), 1-5 Mats Aga (90.)

Fitjar sitt lag mot Vadmyra: Jacob Mehammer, Brynjar T. Engelsen, Leif Tore Aarland, Nils Ingard Tislevoll, Torbjørn Korsvik, Helge Myrmel Træet (kaptein), Marius Helland Storebø, Jonas Aleksandersen, Lars Fitjar Waage, Øyvind Fykse Lie, Jonas Yang Tislevoll. Innbytarar med speletid: Øyvind Fluge Rydland, Rezwan M. Kadir, Kristian Træet, Thomas V. Waage og Bernt Ove Maraas.