Foto: WHI

Ordførar Harald Rydland melder i kveld om at ein ny person har fått påvist koronasmitta i Fitjar.

– I dag kan me melda om at det sjuande smittetilfellet i Fitjar er registrert etter positiv test, skriv Rydland på vegne av kriseleiinga i kommunen.

Elles har kriseleiinga i kommunen ingenting nytt å koma med i kveld.

– Me har oppdatert informasjonen på heimesida, men i kveld er det ikkje anna enn smittestatus som er endra, avsluttar Rydland.