Arkivfoto/pressefoto

Ordførar Harald Rydland melder i dag om Fitjar sitt første smittetilfelle sidan 19.februar.

– Me har i dag, 26. mars, fått melding om eitt nytt smittetilfelle i Fitjar. Dette gjeld ein person som oppheld seg på eit skip som ligg til kai ved Fitjar Mekaniske Verkstad.  Om bord på skipet er det 22 personar som er i karantene. Det er ingen mistanke om at smitten har spreidd seg i Fitjar, fortel Rydland.

Han vil minna fitjarbuen på tre gode råd for påske:

  1. Hald deg til dei grunnleggjande råda om smittevern og testing.
  2. Ha avstand på to meter til dei som ikkje høyrer til same husstand som deg.
  3. Bruk munnbind når du skal inn i butikkane på Fitjar.

Ordføraren forstår at det kan vera forvirrande med både nasjonal og lokal forskrift.

– Me har i informasjonen på Fitjar si nettside prøvd å gjera greie for at det er den strengaste regelen som heile tida gjeld. Det er ikkje store avvik mellom den nasjonale og lokale forskrifta, men den lokale er noko strengare når det gjeld deltakartal på arrangement og aktivitetar.