Ordførar Harald Rydland. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Ordførar Harald Rydland kan seint fredagkveld melda om eitt nytt smittetilfelle i Fitjar.

– Smittekjelda er utanfor kommunen. Vedkommande er sett i isolasjon og nærkontaktar i karantene, fortel Rydland.

Han fortel vidare at smittevernlegen i Fitjar har vedtatt å innføra lokale smitteverntiltak som skal gjelda i to veker frå måndag 9. november:

  • Det vert forbod mot alle offentlege arrangement med over 50 deltakarar.
  • Treningssenter skal ha to meter avstand mellom brukarane.
  • Fitjar vidaregåande skule skal gå til raudt smittvernnivå.
  • Besøkande på sjukeheimen (FBB) skal bruka munnbind og to meter avstand til andre (maks. ein person om gongen).
  • Bassenget på Rimbareid skule vert stengt for offentleg bading. Skulesymjing vil gå som vanleg.

Heile koronaplakaten til Fitjar kommune finn du på kommunen si heimeside.

– På plakaten vår har me no delt informasjonen etter kva som er lokale reglar, nasjonale reglar, og til sist anbefalingar eller råd.  Me har erfart at folk lett kan gå seg vill i kva som er reglar og anbefalingar, både nasjonale og lokale, og korleis dei skal forhalda seg til desse. No håpar me at folk ikkje vert enno meir forvirra av å lesa Fitjar kommune sin plakat med koronainformasjon, avsluttar Rydland.