Ordførar Harald Rydland melder i kveld at Fitjar har fått sin tredje koronasmitta.
– Det er til no tre personar i Fitjar som har fått påvist koronasmitte etter testing. Gjennom smittesporing har det komme fram at det siste tilfellet heng saman med dei to første, skriv Rydland i ei pressemelding.
Det var i førre veke det første koronatilfelle dukka opp på Fitjar, og situasjonen vart ekstra krevjande for kommunen då den smitta jobba på Fitjar bu- og behandlingssenter.
Leigd inn smittevernkompetanse
Ordføraren melder vidare at Fitjar har no leigd inn den erfarne legen Odd Kvamme for å auka kapasiteten på smittevernkompetanse.
– Fitjar kommune har den siste tida fått ansvar for fleire tunge saker som krev mykje tid for smittevernlegen, me er difor glade for auka kapasitet på dette fagområdet.