Ordførar Harald rydland. Foto: FP-arkiv

Første nye smittetilfelle sidan 24. april.

Fitjar kommune melder tysdag ettermiddag om eit nytt smittetilfelle i bygda.

– Dette vart oppdaga i helga. Smittekjelda er kjend og nærkontaktane er sett i karantene, opplyser ordførar Harald Rydland (KrF).

Han opplyser at det så langt ingenting som tyder på at smitta har spreidd seg vidare.

Sist det vart registrert lokal koronasmitte i Fitjar var 24. april. Det er no totalt 37 personar med påvist koronasmitte i Fitjar sidan pandemien starta.