Ordførar Harald Rydland melder at det i dag, 19. februar, er påvist eitt nytt tilfelle med koronasmitte.
– Dette er importsmitte og er knytt til Fitjar Mekaniske Verksted. Vedkommande som er smitta er tidlegare kjend nærkontakt i brakkeriggen, der 11 personar framleis er i karantene. Det er ikkje påvist kontakt med personar på verftet eller i lokalsamfunnet i Fitjar.
Dette er den femte av seksten arbeidarar som har testa positivt. Les meir om smitteutbrotet ved Fitjar Mek. her.
Harald Rydland minner folk om å oppdatera seg på dei nye nasjonale råda og reglane som skal gjelda frå midnatt, natt til tysdag 23. februar.