Ordførar Harald Rydland. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Utanfor kommunen, fortel ordførar Harald Rydland.

Fredagkveld kan ordføraren melda om at eit nytt smittetilfelle er registrert i Fitjar, men at det gjeld ein person som berre er folkeregistrert i kommunen.

– Dette gjeld ein person som til vanleg oppheld seg utanfor kommunen. Vedkommande har ikkje utgjort noko smittefare i Fitjar. 

I denne bølga av pandemien er det til no påvist 9 koronasmitta i Fitjar. Sidan i vår har ein til saman hatt 18. tilfelle.

– Me håpar på ei god og roleg helg, avsluttar Rydland.