Ordførar Harald Rydland. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Første nye tilfelle sidan førre onsdag.

Ordførar Harald Rydland melder i dag om at ein person i Fitjar har testa positivt for covid-19.

– Smittesporing er utført, men kjelda for smitten er ukjent, skriv Rydland.

Personen skal bu på Fitjar, men jobba på Stord. Nærkontaktar er sett i karantene.

Smittevernlegen i Fitjar oppmodar innbyggjarane om å følgja desse råda:
• Gå i sjølvpålagt karantene dersom du har luftvegssymptom og syt for å teste deg.
• Har du luftvegssymptom så reduser kontakt med andre, og skriv ned kven du var i kontakt med siste to dagar før symptom og
framover.
• Dersom eit medlem i familien har luftvegssymptom og er testa, så hald deg i karantene til prøvesvaret kjem.

Rydland minner elles om at Fitjar følgjer dei nasjonale retningslinjene som ein kan lesa på Helsenorge.