Foto: Fitjar Mekaniske Verksted

– Onsdag 28. april 2021 vart det påvist eitt nytt smittetilfelle med Covid-19 som har tilknytning til Fitjar, fortel ordførar Harald Rydland.

Rydland skriv at dette gjeld ein arbeidar på Fitjar Mekaniske Verksted si avdeling i Grunnavågen i Sagvåg.

– Den som er smitta er isolert. 40 moglege nærkontaktar er sett i karantene og vert testa i dag torsdag, skriv Rydland.

Ordføraren fortel vidare at tre av nærkontaktane har vore innom på verftet Fitjar dei siste dagane. 

– Det vert no undersøkt om den smitta eller nærkontaktane kan ha vore i kontakt med personar i lokalsamfunnet.

– FMV orienterer alle sine tilsette om situasjonen. Verksemda og smittevernlegen i Fitjar føl saka opp på ein god måte, og me legg opp til å komma med ny oppdatering på testresultat med meir seint fredag ettermiddag, avsluttar Rydland.

Førre smittetilfelle i Fitjar vart registrert den 24. april med ein smitta. Sidan våren 2020 har det til saman vore 37 tilfelle i Fitjar.