Ein av kunstnarane i det store kunstprosjektet Five thousand generations of birds har funne ut at sentrum i Fitjar ligg på Valberget ovanfor byggjefeltet på Vestbøstad.

Det er den franske kunstnaren Julien Berthier som har funne senteret av Fitjar, og han vil flytta dette senteret ut til holmen han har fått tildelt i kunstprosjektet i Fitjarøyane. Torsdag føremiddag fekk han med seg ordføraren i Fitjar, Wenche Tislevoll, opp på Valberget for å markera heilt nøyaktig kor sentrum i Fitjar kommune ligg.

Måten han er funne dette ut på, er ganske fiffig. Han har festa kartet over Fitjar på ei trefiberplate som han har skore ut etter kartet over kommunen vår. Så har han funne balansepunktet ved å leggja plata oppå spissen av ein pinne. Dette skal vera ein  metode som også har blitt brukt i andre samanhenger, fortel pressesjef i kustprosjektet, Kjersti Solbakken, visst nok blant anna for å finna midtpunktet av USA. Etter at han fann balansepunktet, tok han fram GPS-en og gjekk opp på Valberget, der han fann punktet heilt nøyaktig ute i terrenget.

Sentrum av Fitjar viste seg altså å liggja på Valberget, i lauvskogen ovanfor byggjefeltet på Vestbøstad. Ordførar Wenche Tislevoll var sporty og stilte opp for å setja på plass merket som den franske kunstnaren har laga i verkstaden til den lokale kunstnaren vår, Leif Hedmann. Julien Berthier fortel at han vil ta med seg eit område på rundt fire meter i diameter ut til holmen ved Kalvaneset ute i Fitjarøyane. Overflata av dette området vil han spa opp i ein kasse som Leif Hedmann skal hjelpa han å laga. Og så vil dei få eit helikopter til å flytta kassen frå Valberget ut på holmen til franskmannen.

Me som har vakse opp med Fitjarsjøen som sentrum, veit om eit par andre plassar som har vore å rekna for sentrum i Fitjar. Det første kommunestyremøtet i Fitjar kommune blei halde i Færøysund for 152 år sidan, og den første dampskipsstoppestaden i Fitjar var Engesund i 1872. Men at det skulle bli oppdaga eit nytt sentrum i år, kom som ei overrasking. Me lyt følgja med på det store kunstprosjektet Five housand generations of birds, og sjå om det dukkar opp fleire overraskingar.