Mons-Ove Hauge og Hugo Strand med «gode nyheter» frå Aqua Nor 2019. Foto: FMV

Servicebåt AS kunngjorde i dag at selskapet kontraherer endå eit prosessfartøy av typen HMFV design P28 med lastekapasitet på 150 tonn frå Fitjar Mekaniske Verkstad.

– Vi er svært glade for at Servicebåt As igjen vel FMV som leverandør for endå eit nytt fartøy, og vi syntest det er eit spesielt spennande sorteringskonsept dei får om bord også på dette fartøyet, seier dagleg leiar ved FMV, Hugo Strand, og viser til den unike ELAX metoden.

Elax fartøy

Den patentgodkjente ELAX metoden går ut på automatisk utsortering av skada fisk som ikkje har rett kvalitetsnivå for å nyttast til humant konsum. Sorteringa vert utført på grunnlag av fiskens respons på elektrisk stimuli under bedøvelsesprosessen før avliving.

Dette er den einaste automatiserte sorteringsmetoden på marknaden, og vil gje høgare kvalitetsnivå på slaktet fisk enn dagens manuelle sortering. Prosessfartøy vil dessutan sikre 100 % utnytting av fisk som vert bløgga ved not, i motsetning til ordinær frakt med brønnbåt og bruk av ventemerd ved slakteri, som ofte medfører større tap under transport og opphald i ventemerda.

Doblar kapasiteten for beredskaps- og bløggefartøy med ELAX teknologi

– Samarbeidet med FMV på bygginga av «Elax Mist» har vært svært godt så langt og me er svært tilfreds med å kontrahere ennå eit slikt fartøy ved det lokale verftet på Fitjar, seier Dagleg leiar i Servicebåt AS, Mons-Ove Hauge.

Servicebåt AS har eit tett samarbeid med Elax AS om bygging og drift av det aller første fartøyet med denne teknologien om bord. Når fartøyet «Elax Mist» vert levert i desember i år så skal det rett i oppdrag for ei gruppe oppdrettarar på Vestlandet. Reiarlaget Servicebåt AS frå Austevoll ser ei stadig aukande interesse for slike prosessfartøy, og vil med denne nye kontraheringa kunne tilby ei dobling av kapasiteten for beredskaps- og bløggefartøy med ELAX teknologi om bord innan hausten 2020. FMV skal designa og bygga.

- Annonse -