Karmøy-reiarlaget Cetus AS kontraherer ein ny fiskebåt frå Fitjar Mekaniske.

Det blir meir lokalt samarbeid når Fitjar Mekaniske Verksted AS og Salt Ship Design AS igjen samarbeider om ny fiskebåt til reiarlaget Cetus AS frå Karmøy.

Reiarlaget har i dag har kontrahert ein 65 meter topp moderne kombinert pelagisk
snurper/tråler frå verftet på Fitjar. Skipet er designa og utvikla av Salt Ship Design AS på Leirvik etter eit tett samarbeid med reiarlaget, skriv selskapa i ei pressemelding.

Dette er andre gong på mindre enn to år Cetus AS bestiller fiskefartøy med Salt-design som skal byggjast ved Fitjar Mek. AS.

Fiskefartøyet «Vikingbank» blir 65 meter langt, får bredde på 14 meter, og skal utrustast som kombinert snurper/tråler.

Verftsdirektør Hugo Strand ved Fitjar Mekaniske er svært nøgd med å ha sikra seg kontrakten.

– Me er svært nøgd med igjen å få tilliten, og ser fram til å fortsette det gode samarbeidet med Salt og Cetus. Dette er ein viktig kontrakt for FMV og våre tilsette. Med «Vikingbank» har me ein nybyggingshorisont på knappe to år beståande av 10 ulike fartøy.
Det gir stor regional verdiskaping og trygge arbeidsplassar, seier Strand.

Skipsdesignarane hos Salt ser òg fram til å fortsetje samarbeidet med Fitjar Mekaniske, som no har to nybygg til reiarlaget under bygging

- Annonse -

– Den nye designkontrakten er svært gledelig for Salt. Nye «Vikingbank» er
andre fiskebåt med Salt-design for Cetus-rederiet, og me er svært glade for at rederiet kjem tilbake til Salt når dei no kontraherer ny båt igjen, seier Egil Sandvik i Salt Ship Design.