31. mars vert det igjen aktivitet i dei tidlegare lokala til JKS på bensinstasjonsområdet i Fitjar. Då startar Auto Service opp ny drift der.

Bakgrunnen er at Lyssand Bil AS på Os har kjøpt opp firmaet Auto Service (firmaet til Nils Arne Tufteland i Osterneset), og i den samanhengen vert verksemda flytta nærare sentrum. Verkstaden skal framleis heite Auto Service.

Dagleg leiar i Lyssand Bil, Torgeir Lyssand, fortel til fitjarposten.no at det vil bli ein bilverkstad for lette køyretøy. Dei er medlem i Mekonomen, og kan såleis ta service på alle bilmerke.

– Og tek du årleg service hos oss, vil du òg få gratis veghjelp service, lovar han.

I tillegg til bilreparasjonar og EU-kontroll, vil me selje dekk og bilrekvisita, legg han til.

Det siste vil skje i delar av dei tidlegare lokala til Fitjar Servicesenter. Her har Lyssand Bil leigd 60 kvadratmeter til kundemottak og sal av bilrekvisita.

Vonar på rolegare dagar
Nils Arne Tufteland seier til fitjarposten.no at han no vonar på rolegare dagar.
No slepp han papirarbeidet og kan jobba som vanleg mekanikar.

– Eg har bunde meg til tre år, og etter det har eg alder til å ta ut AFP, kommenterer Nils Arne Tufteland, til slutt.