Sunnhordland målungdom er enno i oppstartfasen, men dei ønskjer å vere aktive og synlege. Her kjem eit nytt innlegg om  læreplanen for norskfaget som er på høyring. Denne gongen skrive av fitjarbu Ingrid Hovstad.

Læreplan som ikkje held mål!

I det siste har det vore mykje snakk om skulebruksplanen som gjeld dei vidaregåande skulane i distriktet vårt i lokale media. Ingen har nemnt eit ord om ei sak som gjeld alle skulane i heile Noreg; nemleg læreplanen i norskfaget. 

I 2010 vart det lyst ut at læreplanen i norsk er for omfattande, og etter mykje om og men kom Utdanningsdirektoratet (Udir) med det endelege utkastet som har vore på høyring sidan desember 2012. Revisjonen kjem på ordre frå kunnskapsministeren, og det nye læreplanutkastet legg opp til ei brutal innsnevring av sidemålet si rolle i norskfaget. Dette skjer trass i at SV og Kristin Halvorsen før stortingsvalet i 2009 vedtok at dei skulle «styrke nynorskopplæringen både som hoved- og sidemål.»

Men kva slags styrking er det me får? Utkastet til ny læreplan inneber å framleis vente med skriveopplæring i sidemål til 9.klasse, å redusere læringsmåla for sidemål og å svekkje sidemålet sin plass på vitnemålet. Dette er ikkje noka styrking av nynorsken, korkje som sidemål eller hovudmål. Å byrje sidemålsundervisning først i 9.klasse er alt for seint. Ein har betre evne til å læra språk i tidleg alder, samstundes som ein ikkje har fått fordommar mot sidemålet sitt.

Det er ein realitet at i ein skule med karakterbasert vitnemål, der resultata får mykje å seie for kva utdanning ein kan ta seinare, er karakterar styrande for undervisninga. Difor vil det å kutte i talet på norskkarakterar ikkje berre gå utover sidemålet. Færre vitnemålskarakterar i norskfaget vil gjere sjølve faget mindre viktig, fordi det då i mindre grad vil løne seg å bli god i norsk. Er det slik Kristin Halvorsen vil styrkja hovudmålet?

Med andre ord vil Udir med det nye læreplanforslaget at me skal halde fram med ei oppskrift som ikkje fungerer, nedjustere læringsmåla i staden for å styrkja opplæringa og redusera dokumentasjonen av kor godt elevane meistrar sidemålet sitt. Er det slik me vil at læreplanen i norskfaget skal vere?

Ingrid Hovstad, Sunnhordland målungdom.

anabole