Kommunestyret hadde sak om finansiering av orgelet i dag. Bilete: Det noverande orgelet i kyrkja. Foto: Harald Johan Sandvik
I 2017 feirar Fitjar kyrkje 150-årsjubileum. I løpet av jubileumsåret skal eit nytt kyrkjeorgel vera på plass.
Kommunestyret har tidlegare vedteke at kommunal del til orgelet skal vera 3,5 mill. Total kostnad er 4,5 mill.
Orgelet kostar 4 mill, konsulent kr. 100.000, og ombygging og tilpassing av galleriet kjem på kr. 400.000.
Pr. i dag er det ikkje endringar på desse rammene.
Orgelet har vore lyst ut på anbod, og det er komne inn fleire tilbod, og Fellesrådet handsamar saka denne veka.
Planen er å skriva kontrakt med orgelbyggjar i månadsskiftet juni/ juli.
Betalingsplan for totalt prosjekt ser slik ut:
2015: 2,1 mill
2016: 1,6 mill,
2017: 0,8 mill.
Kommunen sin del må tilpassast framdrifta i prosjektet, og kommunestyret gjorde i dag vedtak om å løyva 2,1 mill i 2015 og 1,4 mill i 2016. Fellesrådet sin del, 1 mill i innsamla midlar, kan då tilpassast i siste del av byggeperioden.
Kyrkjeverje Harald Rydland fortel at det til no er kome inn kr. 237.602 på orgelfondet, og det er før innsamlingskomiteen er kome skikkeleg i gang med sitt arbeid!