Leiar i Fitjar IL, Gisle Levåg, framfor kunstgrasbana. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Førre formannskapsmøte gjekk ein for LED-lys til kunstgrasbana i Fitjar, no skal kunstgrasbana få nytt dekke.

Ein har rekna seg fram til at summen for etablering av nytt kunstgrasdekke vil kosta kr. 2.874,400,-. I desember løyvde kommunestyret inntil kr. 1.87 mill som anleggsbidrag til ny kunstgrasbane på Fitjar. Resten av kostnaden vert dekka med spelemidlar(1/3 av heile kostnaden) og dugnad.

Kommunen har no hatt anbod på jobben ute på DOFFIN. Det var sett kvalifikasjonskrav som innbetalt skatt og mva, krav om registrert føretak, erfaring og gjennomføringsevne, samt økonomisk kapasitet. Tildelingskriteria var sett til pris 60%, kvalitet 20%, serviceorganisasjon 10% og utføringstid 10%.

4 tilbod kom inn, alle innanfor den kalkulerte kostnaden. Administrasjonen i Fitjar bad formannskapet om meir tid til å etterspørja dokumentasjon, og vurdera tilboda nærare. For å få framdrift i prosjektet bad administrasjonen formannskapet om at rådmannen får fullmakt til å velja leverandør innanfor den økonomiske ramma, kvalifikasjonskrav og tildelingskriteria.

Formannskapet vedtok å rå kommunestyret til å investera i nytt dekke, og at rådmannen får fullmakt til å velja leverandør.