Fitjar kulturskule kunne måndag kveld ynskja rekordmange elevar velkomne til nytt kulturskuleår. Det står og nye tilbod på timeplanen, og tysdag ettermiddag vart det for første gong undervist i fiolin i kulturskulen på Fitjar.

Fiolin-lærar Orlaug K. Evensen tok i dag imot sine første fiolin-elevar. Tilbodet er heilt nytt dette semesteret, og tre elevar har fått plass på fiolin. Først ute var 3. klassingen Eirin Moldestad Oma, som stilte med eigen barne-fiolin. Etter litt måling og testing fann læraren ut at den fiolinen nok er i største laget enno, og må kvila eit års tid før Eirin er stor nok for den. Kulturskulen skal kjøpa inn låne-fiolinar til elevane, i rett størrelse, og Oralug fann raskt ut at Eirin treng ein 1/4-fiolin. 3. klassingen storkoste seg på timen, og fortalde etterpå at det var ganske vanskeleg å halda bogen, men at det var lett å fingerspela på strengane og at ho gledde seg til å øva på leksa.

Under oppstartsmøtet, som var i gymnastikksalen på Rimbareid skule måndag kveld, kunne kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen nok ein gong fortelja om rekordmange elevplassar. I år har kulturskulen 113 plassar, fordelt på song, piano, fløyte, gitar, messing, slagverk, tilrettelagd undervising og barnehageprosjekt, i tillegg til dei nye tilboda fiolin, bassgitar og band.

Måndag kveld var det og oppstart for musikkantane i skulekorpset, samstundes som korpset tok imot åtte nye aspirantar, som og høyrer til i kulturskulen.

Lærarar i kulturskulen
skuleåret 2011/2012:
Kjell Saue: song og tilrettelagt undervisning.
Svein Roger Koppang: messinginstrument og dirigent for skulekorpset.
Orlaug K. Evensen: fiolin, piano, song og prosjekt i barnehagar.
Rune Nesse: slagverk og band.
Frode Hammersland: gitar, el.gitar og bassgitar.
Anne Lene Østvold Jordåen: fløyte, prosjekt i barnehagar og Øvrebygda skule.

Fitjar kulturskule har ei eiga nettside som du finn her, og Fitjar skulekorps har ei eiga heimeside som du finn her.
Les og gjerne artikkelen Kulturskulehistorikk her på Fitjarposten.