Foto: Wikipedia

Kloakkreinseanlegget i Kuarvågen har hatt store driftsproblem dei siste åra. Tekniske avdeling i Fitjar kommune ser ikkje lenger at ein kan reparera anlegget fleire gongar.

Kommunestyret i Fitjar vedtok i går at ein skal ha ny nedgraven slamavskiljar med naudsynt kapasitet og utsleppsleidning til sjø. Tidlegare har avlaupsvatnet gått ureinsa til avlaupsleidning i sjø, der det til tider har vore fare for utslepp inne i Kuarvågen.

Waage anlegg AS vart tildelt jobben, etter at dei kom med rimelegast pristilbod og kortast utføringstid. Det nye anlegget vil kosta kr 1.349.462,- og kommunen sette i 2018 av kr 800.000.- i investeringsbudsjettet til føremålet. Den resterande summen låner dei.

Grunna risikoen for forureining i Kuarvågen hastar ferdigstillinga, og anlegget skal etter planen vera ferdig 5 veker etter anleggsstart.

- Annonse -