Skal du sjå på Idrettsgallaarrangementet  frå Oslo Spektrum på NRK1 førstkomande laurdag? Då kan det vere at du får sjå at ei ftjarbu får troféet for andre gong.

I alle fall er Mariann Vestbøstad Marthinsen nominert i år òg som årets kvinnelege funksjonshemma idrettsutøvar 2013. Mariann er nominert etter sin innsats i langrenn (sit-ski). Dei andre som er nominert i Mariann sin klasse er Sarah Louise Rung (symjing) og  Birgit Skarstein (roing). Dei andre nominasjonane kan du sjå her.

Sist Mariann fekk dette troféet var på Idrettsgallaen i 2006. Då fekk ho prisen som årets kvinnelege funksjonshemma idrettsutøvar for 2005. Den gongen for sine symjeprestasjonar.

Seinare har ho vore nominert fleire gonger.

Gallaen vert sendt direkte på NRK1 med Anne Rimmen som programleiar. NRK har stått bak Idrettsgallaen sidan starten i 2002, saman med Norges Idrettsforbund og Norsk Tipping.

orale steroide