Tradisjonen tru følgjer Fitjar Kraftlag SA sine statuttar og deler ut gåver av overskotet sitt til stor glede for lag og organisasjonar i Fitjar. I dag delte dei ut 245 000 kr. Framme f.v Anne Renate Berntsen (Rimb. sk.), Anders Halleråker Strand og Mari Koløen Lønning (Fitjar Racing Team). I midten: Sukhwinder Koløen (Karateklubben)m Ole Bergesen (Idrettslaget), Kari Kongestøl Prestbø (Skulekorpset) og Gunn Kari Auestad (Laurdagstreff). Bak: Ronald Hareide (NFU), elverksjef Håvard Singelstad, Ove Raunholm (Fitjar eldreråd) og styreleiar i Kraftlaget, Ranveig Flatråker Ottestad. Foto: Håkon C. Hartvedt

Styreleiar Ranveig Flatråker Ottestad hadde laga korte og fine presentasjonar over dei einskilde lag som fekk midlar, og kvifor dei fekk det.

Her er lista i korte ordelag:

Rimbareid skule årskull 2000, til Polentur: kr 25 000,-
Fitjar Shotokan Karateklubb: (har fått fleire Noregsmeistrar) kr 10 000,-
Stord/Fitjar lokallag NFU, til kokkekurs: kr 10 000,-
Fitjar eldreråd, til internasjonal eldredag: kr 5 000,-
Fitjar Racing Team, Ingve Andre vann NM, og det er godt juniorarbeid, kr 10.000,-
Fitjar skulekorps, er 55 år i år, skal på tur til Tyskland, NM i Stavanger, og til nye instrument  kr 50 000,-
Fitjar Bu- og Behandlingssenter, til musikkopplegget «Musikk i omsorg», kr 10 000,-
Fitjar Idrettslag, bygda sitt største lag med rundt 900 medlemer, til utstyr, kr 100 000,-
Stord/Fitjar demensforening, kr 5000,-
Lørdagstreff i Dåfjorden, opplegg for barn, kr 5000,-

 

Elverksjef Håvard Singelstad sa etter utdelinga at dei ønskjer å dele ut til flest mogeleg og at han gjerne tek imot idear i så måte. -Det vil òg vere fint om nokon ville stille opp på arrangement vi sjølve har når vi har behov for det.

-Skulle berre mangle om me ikkje skulle det, repliserte Ole Bergesen frå Fitjar Idrettslag, som gav uttrykk for at han er svært takksam for at Kraftlaget gjev midlar tilbake til bygda på denne måten.