Styreformann i Fitjar Kraftlag, Johannes Koløen, kunne i dag dele ut til saman 560 000 kroner til lag og organisasjonar i Ftjar. – Svært kjærkome, var gjennomgangsmelodien mellom dei glade mottakarane.
– Det er slik at 10 % av resultatet vårt, vil me gje tilbake til fitjarsamfunnet på denne måten, noko som er svært kjekt, sa Koløen, før han ved hjelp av nestleiar i kraftlagsstyret Ranveig Ottestad, delte ut gåvene. Og, som han sa: – Det skal mange kakelotteri til for å kome opp i slike summar som dei som vert utdelte i kveld.
– Det er endå litt igjen av dei ti prosentane, så om nokre lag eller organisasjonar har akutte behov, eller om noko dukkar opp, går det an å ta kontakt, la Johannes Koløen til, til slutt.
Under utdelinga som gjekk føre seg på Fitjar Fjordhotell vart det servert kaffe, mineralvatn og wienerbrød til dei frammøtte.
Dei som fekk gåver i kveld var:
Sunnhordland Padleklubb til Innkjøp av to barnekajakkar: kr 9 000,-
«Venner av Slåtterøy» til vedlikehald av byggverk på Slåtterøy: kr 10 000,-
Fitjar Racingteam ti kjøp av utstyr: kr 15 000,-
Brandasund Grendelag til drift av Grendahuset «Øyatun» kr 5 000,-
Fitjar Musikklag tilskot til kjøp av Bass kr 30 000,-
Fitjar Skulekorps til drift av korps /leige av buss til NM kr 50 000,-
Fitjar Frivilligsentral. Støttemidlar til Ope Hus kr 20 000,-
Avgangsklasse Rimbareid 2012/2013. Aktiv Fredsreiser kr 35 000,-
Fitjar Sokneråd, temakveldar kr 5 000,-
KRIK Fitjar til kjøp av utstyr kr 20 000,-
Fitjar Musikklag, Fitjar Skulekorps, Fitjar teaterlag, ferdigstilling av Øvingsrom kr 50 000,-
Årskog barnehage til kjøp av utebod kr 10 000,-
Bakken barnehage, til kjøp av leikeapparat på leikeplassen kr 10 000,-
FAU Øvrebygda skule til oppgradering av uteområdet kr 10 000,-
Fitjar skyttarlag, ungdomsarbeidet, innkjøp av nytt inventar kr 25 000,-
Tysdagsklubben, Øvrebygda drift av klubben, leikeutstyr kr 10 000,-
Fitjar Karatesenter til treningsutstyr og treningssamling kr 10 000,-
Demensforeningen, Fitjar til drift kr 5 000,-
Fitjar KFUK KFUM Speidargruppa til leirutstyr kr 10 000,-
Stord og Fitjar lag av NFU til aktivitetar for medlemane kr 10 000,-
Dåfjorden bedehus til berbar PC kr 3 000,-
Havnahuset bu- og behandlingssenter til velvære bad/Lysthus på uteområdet kr 50 000,-
Fitjar Idrettslag til innkjøp av utstyr/ kursing kr 150 000,-
Sælevik skule til oppgradering uteleikar på uteplass kr. 10 000,-