Eit nystarta fitjarfirma skal tilby utleige av lifter og andre småmaskinar med Fitjar, Stord og Bømlo som hovudmarknad. BUTU Utleige er namnet på firmaet som vart oppretta av John Helge Bukkøy og Hans Olav Tufteland i mai i år.

På firmaet sine heimesider heiter det at ideen er å leiga ut lifter og andre typar småmaskinar til privat- og bedriftsmarknaden med Fitjar, Stord og Bømlo som hovudmarknad.

Har du vindu eller fasader som treng vedlikehald, eller ein katt som sit fast i toppen av eit tre, men kvir deg for stigen, kan kanskje BUTU Utleige vera di redning?

BUTO Utleige si nettside er www.buttu.no.

(Fitjarposten.no er ikkje ansvarleg for innhald på eksterne nettsider)