Fitjar Idrettslag held kurs for nye dommarar i barnefotballen førstkomande fredag.

Eit like visst vårteikn som hestehoven er klubbdommarkurset som Roald M. Nilsen held for nye klubbdommarar i Fitjar Idrettslag.

Årets kurs blir avvikla i Fitjar kultur- og idrettsbygg fredag 17. april.

Målet med kurset er å gi deltakarane gode haldningar og grunnleggjande regelkunnskap, slik at dei kan vera dommarar i barnefotballen, i 5-arfotball og 7-arfotball.

Tilrådd nedre aldersgrense er 13 år, dvs. det året ein fyller 13 år. Ein kan møta direkte på kurset utan påmelding. Også dei som deltok i fjor kan møta for å få ein repetisjon.

Kurset er gratis. Spørsmål kan rettast til Finn Ingvar Havnerås.