Firma Haakonar Eigedom står fram med ei gladmelding til folk som har lyst til å busetje seg i Øvrebygda.

Firma Haakonar Eigedom står fram med ei gladmelding til folk som har lyst til å busetje seg i Øvrebygda.
Aust for Sjoareset har firmaet fått godkjent byggjemelding for ein tomannsbustad. Sist måndag starta anleggsarbeidet, og det kan bli byggjestart om ein månad. Då Fitjarposten var på området, fortalde Terje Træet om planane som føreligg.

Haakonar Eigedom har fått hand om 4 tomter i området. Utanom det prosjektet som er godkjent, kan dei som er interesserte, kome med ønskje om fleire tomannsbustader, eller kanskje nokon føretrekkjer einebustad.

Tomtene ligg vakkert til med kort veg til eit flott turområde rundt Surefjellet, og nydeleg utsikt mot  Melen, Klovskarfjellet og Mehammarsåto. Skulen ligg berre eit steinkast nedom feltet. I motsett retning er det kort avstand til fabrikken Fjeldtvedt AS. Kvar tomt er sjølveigande på ca. eit mål, dvs. større enn det som er vanleg. Træet understrekar at tomtene er billigare enn i sentrumsområdet. Han legg til at det er fleire som alt no har vist interesse for å kjøpe hus i tomannsbustaden.

På Finn.no kan ein finne fleire opplysningar og sjå teikning av tomannsbustaden. Heile byggjeprosjektet skal snart annonserast, men interesserte kan allereie ta kontakt med Terje Træet, mobil 90145272.

Byggjeprosjektet føregår i samarbeid med Engevik & Tislevoll.

Desse står bak Håkonar Eigedom: Waage Anlegg AS og Aarbø og Korsvik Forskaling saman med Terje Træet.