Etter leiing 2-1 ved pause og ein svært skral 2. omgang mot Laksevåg måtte Fitjar-spelarane reisa poenglause heim frå Bergen fredag kveld.

I pausen kunne det sjå ut som om Fitjar hadde kontroll på kampen, og at dei berre skulle gå utpå og kontrollera inn sigeren. Dei hadde greidd å snu tendesen i ein kamp som begynte dårleg for Fitjar sin del. 

Allereie under oppvarminga drog veteranen Kjell Træet på seg ein skade, slik at han ikkje kunne spela. Dermed hadde Fitjar berre 12 mann att. Etter tre minutt blei Øystein Fitjar Waage klart felt innanfor 16-meteren, men dommaren vinka spelet vidare. Etter eit kvartes spel hadde Fitjar ein ny kjempesjanse, men Laksevåg redda Mats Brakedal sitt skot på streken. Og få minuttar seinare var det heimelaget som kunne gå opp til 1-0 etter dårleg klarering i Fitjar-forsvaret.

Men Fitjar brukte ikkje mange minutt på å kvittera. Eit raid frå høgrevingen Leif André Tangen og eit flott innlegg framfor mål blei styrt fint i mål av pannebrasken til Henrik Raunholm Kjelling, som kom stormande til. Og etter 35 minutts spel fekk me sjå kampens høgdepunkt, sett frå Fitjar si side. Øystein Fitjar Waage runda keeper elegant, og la ballen pent i det i det tomme buret, medan forstuffa Laksevåg-forsvararar stod og såg på. 

Fitjar hadde initiativet på slutten av 1. omgang, og den gode stemninga blei teken med inn i garderoben til pausen. Men der blei den tydelegvis lagt igjen, for det var eit lag utan initiativ og pågangsmot som kom ut på banen til 2. omgang. Heimelaget tok styringa og vann alle duellane. Det var difor ikkje uventa at dei utlikna etter sju minutts spel, sjølv om frisparket rett utanfor 16-meteren virka unødvendig og kanskje litt billig. Fitjar-spelarane heldt fram med å springa imellom utan å få til noko spel, og det kom ikkje som noko sjokk at Laksevåg gjekk opp til 3-2 etter ein halvtimes spel. Ved dette høvet kom dei lett til mot eit sovande Fitjar-forsvar.

Nærmast Fitjar-scoring i 2. omgang var Mats Brakedal fem minutt før full tid. Men han blei felt innanfor 16-meteren. Også denne gongen kunne nok dommar Henrik Brækhus ha peika på straffemerket, men situasjonen enda med gult kort til Mats for protestar. Dermed ebba kampen ut med tap 2-3, etter ein svært dårleg 2. omgang frå Fitjar si side.

Fitjar sitt lag:
Oddgeir Træet, Mads Dahl Helland, Lars Andreas Larsen, Nils Ingard Tislevoll, Martin Vestbøstad, Leif André Tangen, Kjell André Thorland, Leif Tore Aarland, Henrik Raunholm Kjelling, Mats Brakedal og Øystein Fitjar Waage. Innbytar: Geir Steffen Tranøy (20 min.).