Babysong og småbarnstreff startar opp onsdag 20. januar.

På babysongkurset som vart gjennomførst hausten 2009 var det 11 mødrer med babyar som deltok på dei 8 samlingane me hadde på loftet på bedehuset. No etter jul startar det opp nytt kurs med nye 8 samlingar, og alle med babyar som er fødde i 2009 (og ev. i 2010) er velkomne til å melda seg på. Det gjer ein ved å ringa/senda melding til Astrid K. Prestbø 97 62 58 33 eller Helga Rimmereid 47 62 14 71. Ein må då gje opp namn og telefonnummer til den vaksne og namn og alder på babyen.

Kurset kostar 130 kroner og ein får då med seg ein cd med babysongar og eit enkelt songhefte, i tillegg til at ein får servert kaffi/te/saft på samlingane. Ein må sjølv ta med kopp og niste, og det kan vera lurt å ha med tøflar og ein gulpeklut til å leggja under hovudet på babyen. Etter ein halv times tid med song og musikk på loftet samlets ein til nistemåltid, prat og leik saman med dei som er på småbarnstreff i hovudetasjen på bedehuset.

Du kan lesa meir om kurset i artiklane det er lagt linkar til under biletet frå diplomutdeligna på kurset som var hausten 2009.

Første samling vert onsdag 20. januar kl. 10.30 på Fitjar bedehus. Til vanleg går ein inn hovuddøra oppe, men denne gongen vert samlinga i kjellaren grunna anna arrangement oppe på bedehuset, og ein går då inn kjellardøra på motsatt side av huset.

Dei som ynskjer å delta bør melda seg på snarast mogleg, og aller seinast tysdag 19. januar. Dei som deltok på kurset i haust kan melda seg på på ny og verta med i vår og. Det står allereie ein del namn på lista.

Småbarnstreff går som vanleg annakvar veke med song, nistemåltid og leik. Her er det ikkje påmelding og det kostar heller ikkje noko. Alle som er heime med ungar under skulalder er velkomne!

Program for våren finn ein på kalenderen her på Fitjarposten og her på bedehuset si heimeside.