Påmeldinga til haustens babysongkurs er opna. Kurset har avgrensa plassar, men det er fortsett ledig for dei som måtte ynskja å delta.

Soknerådet i Fitjar har arrangert småbarnstreff og babysong på Fitjar bedehus sidan vinteren 2001, men det var først hausten 2009 at babysongstunda vart gjort om til kurs. Babysongkurset er for babyar mellom 0 månader og 18 månader. Dei som tek til på kurset er gjerne mellom 6 veker og 9 månader ved oppstart. Kurset består av 8 samlingar som startar med ein halv times songstund før det er nistemåltid og tid til ein god prat. Babyen melder seg på saman med ein vaksen, og spesielt i starten er det gjerne mamma som har permisjon og som har høve til å vera med. Kurset føregår på føremiddagen, annakvar onsdag, parallelt med småbarnstreff.

Ein samlest på loftet på bedehuset der det er lagt fram dyna, instrument og tørkle til babyane som får liggja i ein sirkel på dyna på golvet med dei vaksne rundt. Det kan vera lurt å ta med ein gulpeklut til å leggja under hovudet. Dei vaksne syng ulike barnesongar for babyane, spelar på instrument for dei, fortel dei regler m.m.. Noko skjer sittande, anna ståande. Babyane får mange ulike opplevingar knytt til musikken, og målet er at desse samlingane skal gje foreldra og babyen gode felles opplevingar og at ein gjennom å friska opp «gamle» barnesongar og  å læra seg nye songar kan verta inspirert til å synga for og med ungane. Babysongkurset er ein del av dåpsopplæringa til kyrkja, og inneheld både kristne barnesongar og andre barnesongar.

Dei som ynskjer å delta på kurset i haust kan melda seg på ved å ringa/senda melding med namn og alder på barnet og namn og telefon-nummer til den vaksne til Astrid Koløen Prestbø 976 25 833 eller Helga Rimmereid 975 28 001. Sidan det er avgrensa plassar på kurset og det har vore rift om plassane dei siste semestera, er det er viktig å vera tidleg ute med påmelding om ein vil sikra seg plass. Frist for påmelding er uansett 20. august, og oppstart er onsdag 25. august kl. 10.30. Kurset kostar 140,-. Då får ein servert saft/kaffi/te på samlingane, ein får med seg heim eit enkelt songhefte med dei songane og reglene ein nyttar på kurset og ein dobbel cd med songar laga spesielt til babysong. Ein bør ta med seg tøflar/tjukke sokkar, kopp, nista og gulpeklut. Samlinga vert avslutta klokka 12.00. Program for hausten kan ein finna på kalenderen her på Fitjarposten og på oppslagstavla hos Larsen.

Dei som deltok på kurset i vår og som fortsatt er babyar kan vera med på nytt kurs i haust.

Småbarnstreff, som går parallelt med babysongkurset og som held til i hovudetasjen på bedehuset, er for ungar mellom 0 år og 6 år saman med ein vaksen. Dei har og songstund, nistemåltid og til slutt tid til leik og prat. Desse samlingane har ingen begrensing på mengde ungar, krev ikkje påmelding og kostar ikkje noko. Alle er velkomne her, og dei med heilt små ungar.

Ta  kontakt med Astrid K. Prestbø eller Helga Rimmereid om du lurer på noko.